Hovlandsdalen: Skilnad mellom versjonar
s Formatering |
Inkje endringssamandrag |
||
| (2 mellomliggjande versjonar av éin annan brukar er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Hovlandsdalen 010119-2.jpg|miniatyr|høyre|Hovlandsdalen [[1. januar 2019]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Hovlandsdalen 010119-2.jpg|miniatyr|høyre|Hovlandsdalen [[1. januar 2019]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
[[Fil:Hovlandsdalen Tveit Vegusdal 201215.jpg|miniatyr|høyre|Garden Tveit i Hovlandsdalen. Foran skimtar ein Fv-42 og litt bak den Hovlandsåna. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | [[Fil:Hovlandsdalen Tveit Vegusdal 201215.jpg|miniatyr|høyre|Garden Tveit i Hovlandsdalen. Foran skimtar ein Fv-42 og litt bak den Hovlandsåna. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
'''Hovlandsdalen''' er eit lite dalføre som ligg «på tvers» (aust-vest) i landskapet mellom [[Lislevatnet]] heilt aust i [[Evje og Hornnes kommune]] og [[Vågsdalsfjorden]] i [[Vegusdal]] heilt aust i [[Birkenes kommune]], mot grensa til [[Froland]]. | '''Hovlandsdalen''' er eit lite dalføre som ligg «på tvers» (aust-vest) i landskapet mellom [[Lislevatnet]] heilt aust i [[Evje og Hornnes kommune]] og [[Vågsdalsfjorden]] i [[Vegusdal]] heilt aust i [[Birkenes kommune]], mot grensa til [[Mykland]] i [[Froland]] kommune. | ||
== Heielandskap == | == Heielandskap == | ||
Landskapet på begge sider av dalen er typiske heiestrekningar med mykje snaufjell, myrar, vatn og lite skog. Gjennom Hovlandsdalen renn [[Hovlandsåna]] som kjem frå [[Høvringsvatn]] heilt nord-aust i Evje og Hornnes og munnar ut i Vågsdalsfjorden. I dalen ligg fleire gardar, mellom anna [[Lislevand]], [[Øygarden (Birkenes gnr. 126)|Øygarden]], [[Myklebostad (Birkenes gnr. 127)|Myklebostad]], [[Tveit Nordre (Birkenes gnr. 128)|Tveit]], [[Ljosland (Birkenes gnr. 129)|Ljosland]] og [[Hovland (Birkenes gnr. 130)|Hovland]] i Evje og Hornnes og [[Skåre (Birkenes gnr. 131)|Skåre]], [[Flateland (Birkenes gnr. 132)|Flateland]], Vågsdalen, Breisåsen og Vegusdal i Birkenes. | Landskapet på begge sider av dalen er typiske heiestrekningar med mykje snaufjell, myrar, vatn og lite skog. Gjennom Hovlandsdalen renn [[Hovlandsåna]] som kjem frå [[Høvringsvatn]] heilt nord-aust i Evje og Hornnes og munnar ut i Vågsdalsfjorden. I dalen ligg fleire gardar, mellom anna [[Lislevand]], [[Øygarden (Birkenes gnr. 126)|Øygarden]], [[Myklebostad (Birkenes gnr. 127)|Myklebostad]], [[Tveit Nordre (Birkenes gnr. 128)|Tveit]], [[Ljosland (Birkenes gnr. 129)|Ljosland]] og [[Hovland (Birkenes gnr. 130)|Hovland]] i Evje og Hornnes og [[Skåre (Birkenes gnr. 131)|Skåre]], [[Flateland (Birkenes gnr. 132)|Flateland]], Vågsdalen, [[Breisåsen (Birkenes gnr. 134)|Breisåsen]] og Vegusdal i Birkenes. | ||
== Fylkesveg 42 == | == Fylkesveg 42 == | ||
| Line 25: | Line 25: | ||
[[Kategori:Evje]] | [[Kategori:Evje]] | ||
[[Kategori:Daler]] | [[Kategori:Daler]] | ||
[[Kategori:Evje og Hornnes | [[Kategori:Stadnamn i Evje og Hornnes]] | ||
Siste versjonen frå 17. mars 2026 kl. 14:53


Hovlandsdalen er eit lite dalføre som ligg «på tvers» (aust-vest) i landskapet mellom Lislevatnet heilt aust i Evje og Hornnes kommune og Vågsdalsfjorden i Vegusdal heilt aust i Birkenes kommune, mot grensa til Mykland i Froland kommune.
Heielandskap
Landskapet på begge sider av dalen er typiske heiestrekningar med mykje snaufjell, myrar, vatn og lite skog. Gjennom Hovlandsdalen renn Hovlandsåna som kjem frå Høvringsvatn heilt nord-aust i Evje og Hornnes og munnar ut i Vågsdalsfjorden. I dalen ligg fleire gardar, mellom anna Lislevand, Øygarden, Myklebostad, Tveit, Ljosland og Hovland i Evje og Hornnes og Skåre, Flateland, Vågsdalen, Breisåsen og Vegusdal i Birkenes.
Fylkesveg 42
Fylkesveg 42 mellom Evje og Arendal går gjennom dalen. Her låg også den siste delen av dette vegsambandet som ennå ikkje hadde fått «gul midtstripe». Men i 2018 starta eit svært arbeid med å utvide vegstrekninga mellom Tveit i Vegusdal og Lislevand i Evje og Hornnes. Arbeidet fortsette i 2019. I november 2019 vart strekninga offisielt opna. Då gjenstod bare å legge eit slitelag med asfalt våren 2020.
Overføring til Evje og Hornnes

Etter innbyggjarinitiativ i 2015 var det søkt om overføring av Hovlandsdalen/«Gamle Nygard krets» frå Birkenes kommune til Evje og Hornnes kommune. Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder traff i mars 2018 vedtak om slik overføring, med verknad frå 1. januar 2019.
Kjelder
- Olav Kristian Nygaard og Jens Vellene, Vegusdal og Vegdølane, kapittel 1 i Vegusdal - Kultursoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 2002, side 7-14
- Om overføring av Hovlandsdalen til Evje og Hornnes på nettsida til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder
- Om vedtak om overføring av Hovlandsdalen fra Birkenes til Evje og Hornnes på nettsida til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder
- Artikkel om overføring av Hovlandsdalen til Evje og Hornnes kommune på heimesida til kommunen