Sirdal: Skilnad mellom versjonar
s Endret kategori |
s Dobbeltkategorisering |
||
| (18 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Sirdal''' er ein kommune i [[ | [[Fil:Sirdal komm.svg.png|miniatyr|høyre|Kommunevåpenet. {{Byline|Wikipedia Commons}}]] | ||
[[Fil:Sirdal rådhus Tonstad 020817-3.jpg|miniatyr|høyre|[[Sirdal rådhus]] på Tonstad [[2. august 2017]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |||
'''Sirdal''' er ein kommune i [[Agder]], i tidlegare [[Vest-Agder]], og i storleik den største kommunen i fylket. Flatemålet er 1 547 kvadratkilometer. Kommunen grensar i vest til Lund, Bjerkreim, Gjesdal, Eigersund og Sandnes i [[Rogaland|Rogaland fylke]], i nord til [[Bykle]], i aust til [[Valle]], [[Bygland]] og [[Kvinesdal]] og i sør til [[Flekkefjord]]. Kommunen har 1 810 innbyggarar (2022). Kommunesenteret er [[Tonstad]]. [[Sinnes]] i [[Øvre Sirdal]] er eit turistsenter. | |||
Sirdal kommune er ein kraftkommune med god økonomi. 45 % av dei sysselsette i kommunen arbeider innan offentleg forvaltning. Sira-Kvina Kraftselskap og turisme representerar mange arbeidsplassar i kommunen. Mange populære turområde og hyttefelt blir mykje brukt av folk frå Rogaland, | |||
== Historie == | |||
Før 1838 gjekk grensa mellom Stavanger amt og Lister amt i elva [[Sira]] som deler Sirdal i to. Området på vestsida av Sira høyrde til Lund skipreide i Stavanger amt, medan austsida låg i Feda skipreide i Lister amt. Frå 1838 blei vestsida av Bakke sokn ført over til Lister amt. Soknet vart etter kvart delt i tre herad: Øvre Sirdal, Tonstad og Bakke. Kommunen Sirdal blei oppretta i 1848, da han vart skild ut frå Bakke formannskapsdistrikt. I 1905 blei kommunen delt mellom Tonstad kommune og Øvre Sirdal kommune. I 1960 vart Tonstad, Øvre Sirdal samt Haughom-grenda frå Bakke kommune slegne saman til Sirdal kommune. Kommunen blei i 1987 utvida med Espetveit og Viraksgrenda, som tidlegare høyrde til Flekkefjord kommune. | |||
== Kjelder == | |||
*[https://www.sirdal.kommune.no/ Heimesida til Sirdal kommune] | |||
*[http://www.sirdal.kommune.no/om-vaar-kommune.423316.no.html ''Kort historisk tilbakeblikk'' på heimesida til Sirdal kommune] | |||
== Eksterne lenker == | == Eksterne lenker == | ||
*[https://no.wikipedia.org/wiki/Sirdal Artikkelen om Sirdal på Wikipedia (bokmål)] | *[https://no.wikipedia.org/wiki/Sirdal Artikkelen om Sirdal på Wikipedia (bokmål)] | ||
*[https://snl.no/Sirdal Artikkelen om Sirdal i Store Norske Leksikon] | |||
[[Kategori:Sirdal]] | [[Kategori:Sirdal]] | ||
Siste versjonen frå 19. august 2024 kl. 08:18


Sirdal er ein kommune i Agder, i tidlegare Vest-Agder, og i storleik den største kommunen i fylket. Flatemålet er 1 547 kvadratkilometer. Kommunen grensar i vest til Lund, Bjerkreim, Gjesdal, Eigersund og Sandnes i Rogaland fylke, i nord til Bykle, i aust til Valle, Bygland og Kvinesdal og i sør til Flekkefjord. Kommunen har 1 810 innbyggarar (2022). Kommunesenteret er Tonstad. Sinnes i Øvre Sirdal er eit turistsenter.
Sirdal kommune er ein kraftkommune med god økonomi. 45 % av dei sysselsette i kommunen arbeider innan offentleg forvaltning. Sira-Kvina Kraftselskap og turisme representerar mange arbeidsplassar i kommunen. Mange populære turområde og hyttefelt blir mykje brukt av folk frå Rogaland,
Historie
Før 1838 gjekk grensa mellom Stavanger amt og Lister amt i elva Sira som deler Sirdal i to. Området på vestsida av Sira høyrde til Lund skipreide i Stavanger amt, medan austsida låg i Feda skipreide i Lister amt. Frå 1838 blei vestsida av Bakke sokn ført over til Lister amt. Soknet vart etter kvart delt i tre herad: Øvre Sirdal, Tonstad og Bakke. Kommunen Sirdal blei oppretta i 1848, da han vart skild ut frå Bakke formannskapsdistrikt. I 1905 blei kommunen delt mellom Tonstad kommune og Øvre Sirdal kommune. I 1960 vart Tonstad, Øvre Sirdal samt Haughom-grenda frå Bakke kommune slegne saman til Sirdal kommune. Kommunen blei i 1987 utvida med Espetveit og Viraksgrenda, som tidlegare høyrde til Flekkefjord kommune.