Suldal: Skilnad mellom versjonar
s Bilde |
s Lenke Røldal-Suldal |
||
| (Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Suldal komm.svg.png|miniatyr|høyre|Kommunevåpenet. {{Byline|Wikipedia/Wikimedia Commons}}]] | [[Fil:Suldal komm.svg.png|miniatyr|høyre|Kommunevåpenet. {{Byline|Wikipedia/Wikimedia Commons}}]] | ||
'''Suldal''' er ein kommune i [[Ryfylke]], nord-aust i [[Rogaland]]. Han grensar i nord mot [[Sauda]], [[Etne]] og [[ | '''Suldal''' er ein kommune i [[Ryfylke]], nord-aust i [[Rogaland]]. Han grensar i nord mot [[Sauda]], [[Etne]] og [[Ullensvang]], i aust mot [[Vinje]] og [[Bykle]], i sør mot [[Hjelmeland]], og i vest mot [[Vindafjord]]. | ||
Kommunen har 3 820 innbyggjarar. Han er med sine 1 736 km² den største kommunen i Rogaland i flatemål, og den tredje største på Vestlandet. Kommunesenteret er [[Sand]], som er eit trafikknutepunkt, handels- og skulesenter. | Kommunen har 3 820 innbyggjarar. Han er med sine 1 736 km² den største kommunen i Rogaland i flatemål, og den tredje største på Vestlandet. Kommunesenteret er [[Sand]], som er eit trafikknutepunkt, handels- og skulesenter. | ||
== Kraftkommune == | == Kraftkommune == | ||
Suldal er ein av dei store kraftkommunane i Norge. Utbyggingene byrja på 1960-talet, då nedbørsfeltet til [[Suldalsvatnet]] blei gjenstand for omfattande regulering. Først kom Røldal-Suldal og seinare [[Ulla-Førre]]. Rundt 8 % av den samla kraftproduksjonen i Norge går føre seg i kommunen. [[Blåsjø]] er det største kraftmagasinet. Reguleringa har ført til store inngrep i naturen, men også inntekter for kommunen. | Suldal er ein av dei store kraftkommunane i Norge. Utbyggingene byrja på 1960-talet, då nedbørsfeltet til [[Suldalsvatnet]] blei gjenstand for omfattande regulering. Først kom [[Røldal-Suldal]] og seinare [[Ulla-Førre]]. Rundt 8 % av den samla kraftproduksjonen i Norge går føre seg i kommunen. [[Blåsjø]] er det største kraftmagasinet. Reguleringa har ført til store inngrep i naturen, men også inntekter for kommunen. | ||
== Suldal – Setesdal == | == Suldal – Setesdal == | ||
Siste versjonen frå 22. august 2022 kl. 20:53

Suldal er ein kommune i Ryfylke, nord-aust i Rogaland. Han grensar i nord mot Sauda, Etne og Ullensvang, i aust mot Vinje og Bykle, i sør mot Hjelmeland, og i vest mot Vindafjord.
Kommunen har 3 820 innbyggjarar. Han er med sine 1 736 km² den største kommunen i Rogaland i flatemål, og den tredje største på Vestlandet. Kommunesenteret er Sand, som er eit trafikknutepunkt, handels- og skulesenter.
Kraftkommune
Suldal er ein av dei store kraftkommunane i Norge. Utbyggingene byrja på 1960-talet, då nedbørsfeltet til Suldalsvatnet blei gjenstand for omfattande regulering. Først kom Røldal-Suldal og seinare Ulla-Førre. Rundt 8 % av den samla kraftproduksjonen i Norge går føre seg i kommunen. Blåsjø er det største kraftmagasinet. Reguleringa har ført til store inngrep i naturen, men også inntekter for kommunen.
Suldal – Setesdal
Bøndene i Setesdal i jernalderen måtte over fjellet i vest eller nord-vest for å dekke behovet for mellom anna salt og såkorn. Heilt fram til Postvegen kom gjennom Setesdal midt på 1840-talet, var fjellvegane vestover dei mest naturlege bindeledda til omverda. Kortaste vegen mellom aust og vest var det lengst nord i Setesdalsheiane, mellom Breive i Bykle og Roaldkvam i den indre enden av Suldalsvatnet. Strekninga var bare 25–30 km.
Sjå også
Kjelder
- Artikkelen om Suldal på Wikipedia
- Om Suldal på heimesida til Suldal kommune
- Harald Flå (red.), Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget, 2008, side 223
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, eige forlag, 2. utgåve 2013, side 107 flg.