Snjoheinuten: Skilnad mellom versjonar
s robot: automatisk teksterstatning: (-display_points: +display_points: ) |
s →Korleis koma hit: lenkefiks KOT |
||
| Line 6: | Line 6: | ||
==Korleis koma hit== | ==Korleis koma hit== | ||
Lokalkjende folk finn veg til Snjoheinuten frå fleire hald, for dette er ingen vanskeleg topp å koma opp på. Ein måte er å taka i veg frå kraftverkas bilveg langsmed Vatndalsvatnet, og leggja i veg innover [[Troddedalen]] mellom [[Troddedalstjønnane]] og [[Langegrovi]]. Turistforeninga [[DNT Sør]], tidlegare [[KOT]], har ein gong hatt ei merka turløype gjennom Troddedalen og vidare mot [[Støyldalen]] og Bykle. Denne vart nedlagt, og merka var lite synlege i 2010. | Lokalkjende folk finn veg til Snjoheinuten frå fleire hald, for dette er ingen vanskeleg topp å koma opp på. Ein måte er å taka i veg frå kraftverkas bilveg langsmed Vatndalsvatnet, og leggja i veg innover [[Troddedalen]] mellom [[Troddedalstjønnane]] og [[Langegrovi]]. Turistforeninga [[DNT Sør]], tidlegare [[Kristiansand og Opplands Turistforening|KOT]], har ein gong hatt ei merka turløype gjennom Troddedalen og vidare mot [[Støyldalen]] og Bykle. Denne vart nedlagt, og merka var lite synlege i 2010. | ||
Ved [[Troddevarden]], øvst oppe i Troddedalen, kan ein fylgja bekken opp til [[Simlehjellin]], og vidare veg i sør-vestleg lei seier seg sjølv. Snjoheinuten er ein dobbelttopp der den nordlegaste toppen er høgast. Den sørlege toppen er berre ein meter lågare, men på denne har det vore ein trigonometrisk merkestolpe, og det er ein varde der. I vest kan ein sjå utover [[Reinevatn]], og i aust mot den mest like høge [[Kvervetjønnuten]]. | Ved [[Troddevarden]], øvst oppe i Troddedalen, kan ein fylgja bekken opp til [[Simlehjellin]], og vidare veg i sør-vestleg lei seier seg sjølv. Snjoheinuten er ein dobbelttopp der den nordlegaste toppen er høgast. Den sørlege toppen er berre ein meter lågare, men på denne har det vore ein trigonometrisk merkestolpe, og det er ein varde der. I vest kan ein sjå utover [[Reinevatn]], og i aust mot den mest like høge [[Kvervetjønnuten]]. | ||
Siste versjonen frå 1. februar 2020 kl. 08:43




Snjoheinuten er ein dobbelttopp i Bykle vesthei som ligg mellom Vatndalsvatnet og Botsvatn. Høgda er 1439 moh. og toppen har ein primærfaktor på 240 meter. Namnet tilseier at det ligg snø på denne toppen i store delar av året, ja gjerne fleire år på rad utan å heilt smelta bort om sommaren.
Korleis koma hit
Lokalkjende folk finn veg til Snjoheinuten frå fleire hald, for dette er ingen vanskeleg topp å koma opp på. Ein måte er å taka i veg frå kraftverkas bilveg langsmed Vatndalsvatnet, og leggja i veg innover Troddedalen mellom Troddedalstjønnane og Langegrovi. Turistforeninga DNT Sør, tidlegare KOT, har ein gong hatt ei merka turløype gjennom Troddedalen og vidare mot Støyldalen og Bykle. Denne vart nedlagt, og merka var lite synlege i 2010.
Ved Troddevarden, øvst oppe i Troddedalen, kan ein fylgja bekken opp til Simlehjellin, og vidare veg i sør-vestleg lei seier seg sjølv. Snjoheinuten er ein dobbelttopp der den nordlegaste toppen er høgast. Den sørlege toppen er berre ein meter lågare, men på denne har det vore ein trigonometrisk merkestolpe, og det er ein varde der. I vest kan ein sjå utover Reinevatn, og i aust mot den mest like høge Kvervetjønnuten.
I dag nyttar mange seg av GPS-navigering, men ein ekstra tryggleik som berre veg få gram, er å ha med seg papirkart og kompass.