Ola G. Lauvland: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet skrivemåten i et navn
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Orto
 
(Éin mellomliggjande versjon av éin annan brukar er ikkje vist)
Line 5: Line 5:
Garden heime på Lauvland overtok Ola G. Lauvland etter foreldrene i 1885. Han skal ha vore ein arbeidssom og dugande gardbrukar. Då [[Evje og Hornnes Sparebank]] vart skipa i 1864 var Lauvland den første kasseraren. Han stod i dette vervet til han døydde i 1893.  
Garden heime på Lauvland overtok Ola G. Lauvland etter foreldrene i 1885. Han skal ha vore ein arbeidssom og dugande gardbrukar. Då [[Evje og Hornnes Sparebank]] vart skipa i 1864 var Lauvland den første kasseraren. Han stod i dette vervet til han døydde i 1893.  


Frå 1888, då han møtte på Stortinget, tykkjest Lauvland å bli oppteken av språkbruk og oppglødd for målsaka. Fram til då hadde han skrive namnet sitt Ole G. Løvland. Det endra han no altså til Ola. G. Lauvland.
Frå 1888, då han møtte på Stortinget, tykkjest Lauvland å bli oppteken av språkbruk og oppglødd for målsaka. Fram til då hadde han skrive namnet sitt Ole G. Løvland. Det endra han no altså til Ola G. Lauvland.


== Kjelder ==
== Kjelder ==
Line 14: Line 14:
[[Kategori:Fødsler i 1838]]
[[Kategori:Fødsler i 1838]]
[[Kategori:Dødsfall i 1893]]
[[Kategori:Dødsfall i 1893]]
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]]
[[Kategori:Døde personer fra Evje og Hornnes kommune]]
[[Kategori:Ordførere i Evje]]
[[Kategori:Ordførere i Evje]]
[[Kategori:Bønder]]
[[Kategori:Bønder]]
[[Kategori:Stortingsrepresentanter]]
[[Kategori:Stortingsrepresentanter]]

Siste versjonen frå 22. juli 2019 kl. 22:27

Ola G. Lauvland
Født: 10. juli 1839
Død: 11. juni 1893 (53 år)

Ola Gunnarson Lauvland (fødd 1838, død 1893) var bonde på Lauvland i Evje og ordførar i Evje kommune 1882-1893. Han var eldstemann i ein syskjenflokk på sju. Mellom desse var Jørgen Løvland. Ola Gunnarson var gift med Kari Johnsdotter Lauvland (fødd Rosseland)). Kari døydde i 1873, to dagar etter å ha fødd sonen Gunnar. Ho blei bare 28 år gamal.

Ola G. Lauvland var ikkje «seminarist» som dei fire yngre brødrene sine. I staden tufta han meiningane sine og skjønet sitt på eigne livserfaringar. Olav Arne Kleveland nemner Lauvland som ein klårtenkt samfunnspolitikar og samfunnsreformator. Han kom til å sette djupe merke etter seg den tida han var ordførar. Han arbeidde spesielt for at bygda skulle få høvelege vegar og skulehus. Det var i hans tid som ordførar at den nye Evje kyrkje vart bygd. Som ordførar sat han også i fylkestinget. Her var han formann i vegnemda og medlem i jernbanenemda. I 1888 møtte Ola G. Lauvland på Stortinget, som varamann for Lars Liestøl. Broren Jørgen sat også på Stortinget då.

Garden heime på Lauvland overtok Ola G. Lauvland etter foreldrene i 1885. Han skal ha vore ein arbeidssom og dugande gardbrukar. Då Evje og Hornnes Sparebank vart skipa i 1864 var Lauvland den første kasseraren. Han stod i dette vervet til han døydde i 1893.

Frå 1888, då han møtte på Stortinget, tykkjest Lauvland å bli oppteken av språkbruk og oppglødd for målsaka. Fram til då hadde han skrive namnet sitt Ole G. Løvland. Det endra han no altså til Ola G. Lauvland.

Kjelder