Hopp til innhald

Yksenåna

Frå Setesdalswiki
Yksenåna kastar seg utføre Skotet.
Yksenåna ved Øynen 16. juli 2025. Ein ser restar etter stemmen til saga som stod like nedanfor.
Foto: Geir Daasvatn

Yksenåna (Yksenskorbekken) er ei lita elv som renn frå Såtelitjørni, forbi garden Yksenskor, ned i Sydalen, der bekken sluttar seg til Sya, og vidare ned i Dåsvatn lengst nord i Dåsvannsdalen i Hornnes i Evje og Hornnes kommune.

I Skotet, der elva renn ned i Sydalen, kastar ho seg utfor den høge Kattefossen med eit samla fall på om lag 100 meter. Nær utlaupet i Dåsvatn delar ho seg i to og lagar «øya» Øynen. Her var det, truleg til 1920-talet, sag og tilhøyrande stem over åna.

Kjelder

  • Kommunekart.com

Kart

Laster kart ...