Wenche Gundersen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Wenche Gundersen![]() | ||
---|---|---|
Født: | 11. juni 1955 (70 år) |
Wenche Erland Gundersen (fødd 1955 i Kristiansand) var leiar av økonomiavdelinga i Valle kommune frå 1. mars 2000 til sommaren 2017. Ho kom frå stilling som rekneskapssjef i Lillesand kommune, der ho begynte i 1985. Før det hadde ho arbeidd ti år på kemnerkontoret i Kristiansand. Ho bur på Flateland saman med mannen Rolf Gundersen. Dei har ei vaksen dotter. Ho har økonomiutdanning frå Agder Distriktshøgskole. Den tok ho parallelt med jobben.
I fritida likar ho å drive med handarbeid, ho har sydd Setesdalsbunad til både seg og mannen, i tillegg vert det mykje strikking.
Kjelder
- Opplyst i samtale 14. januar 2014
- Ole Birger Lien, Takka av rådmann og økonomisjef, artikkel i Setesdølen nr. 51, 2017, side 10