Volda lærarskule

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Volda lærarskule vart etablert i Volda i 1895. Frå starten var den eit privat drive lærarseminar som vart etablert av Aage Stabell og Henrik Kaarstad. Den gjekk inn i ein meir omfattande tradisjon av kristelege privatseminar som frå kring 1890 vart oppretta som motvekt mot påverknad frå dei frilyndte, grundtvigianarane.

Frå 1908 vart Kaarstad eineeigar fram til staten tok over skulen i 1924. Namnet Volda lærarskule vart då teke i bruk. Kaarstad heldt fram som rektor til han døydde i 1927, og deretter tok Erling Kristvik over. I 1923 var lærarskulen i Volda den største i Skandinavia med over 400 elevar.

I 1933 fekk lærarskulen løyve til å opprette ein eigen øvingsskule i skulebygget: Statsøvingsskulen. Den var i drift til 1990.

I 1994 vart Volda lærarhøgskule, som var namnet frå 1980, ein del av Høgskulen i Volda.

Før etableringa av lærerseminaret i 1895 var det frå 1861 til 1880 en «Volda høiere Almueskole med annecteret dannelsesanstalt for Almueskolelærere».

Elevar

Kjelder