Vinje prestegard
Hopp til navigering
Hopp til søk

Vinje prestegard - Sudigard Vinje - ligg på ei slette sørvest for Vinje kyrkje på den andre sida av riksvegen. Prestegarden har opent firkanttun og tre bygningar er freda.
Hovudbygningen
Hovudbygningen er ein tømra bygning i to høgder som fekk si noværende form mellom 1830 og 1847. Den har midtsals grunnplan med eit ganske breitt midtparti. Salen i andre høgda har vore kontor og er bygningshistorisk interessant.
Drengestue
Drengestua er frå 1850. Den lafta og upanelte drengestua har peis i første høgde og loft i andre.
Stabbur
Stabburet er frå før 1850.
Tunet
Tunet er ein viktig del av kulturmiljøet rundt kyrkja. Forpaktarbustaden vart rehablitert av Opplysningsvesenets fond i 2012 og fondet har og bygd ein ny garasje. Aslak Kasti var forpaktar av Vinje prestegard frå 1893