Viki (Bygland gnr 14 bnr 18)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Viki 2016.
Foto: Geir Daasvatn
Viki er ein eigedom (gnr. 14 bnr. 8) på Søndre Austad i Bygland. Han var husmannsplass under heile Søndre Austad til 1919, då han blei frådelt og fekk eige bruksnummer. Plassen ligg i vika øvst i Åraksfjorden. Aust for Viki stig Skorsfjell bratt opp frå fjorden. På andre sida av fjorden ligg Ose. Fylkesveg 323 kjem frå Åraksbø og går rett forbi husa og vidare nordover mot Ose bru og Austad.
Historie
Rydningsmannen i Viki var Nils Gullikson Skomedal (fødd ca. 1799). Olav Arnfinn Arneberg bur på staden i dag.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 385-396