Vidalega
Hopp til navigering
Hopp til søk
Vidalega var eit driftelege i Setesdal Vesthei, om lag midtvegs mellom Øyuvsvatnet og Gaukheivatnet, rett nord for kommunegrensa mellom Bygland og Valle. Der skal ha vore driftelege fram til siste halvdel av 1880-åra. I ei gamal hytte på staden budde sauegjetaren Magnor Tjåland kvar sommar til rundt 2000. Han førde tilsyn med fleire tusen sauar.
Kjelder
- Harald Flå (red.), Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget, 2008, side 84