Vestheia (Åseral)
Utsjånad
Vestheia er heiområdet vest for Nåvatnmagasinet i Åseral. Historisk har dette vore eit produksjonslandskap, og er særs rikt på kulturminne frå ulike tidsperiodar. Heia har vore veidemark, det har vore fiske i vatna her sidan steialderen. Seinare har ein drive med falkefangst og jernvinne av myrmalm. Heia har også vore viktig for driftetraikken, og driftelegene er i fleirtal mellom dei registrerte kulturminna. Det går fleire større og mindre ferdslevegar gjennom heia. Langs desse finst karakteristiske kulturminne som brudle, likkviler og vardar. I nyare tid har heia vore eit fritids- og opplevingslandskap. Lordehytta er det viktigaste minnet frå denne tida.
Kjelder
- Kulturminneplan Åseral 2020-2025, side 54