Verdalsheivegen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Brukar etter utleggsbrua over Mandalselva mellom Kylland og Aukland 15. juni 2024.
Foto: Geir Daasvatn
Verdalsheivegen var ein rideveg frå Kylland i Åseral via Verdal til Eiken. Vegen var ikke offentleg veg, men likevel den viktigaste vegen mellom dei innerste bygdene i Vest-Agder.
Like ovanfor Kylland måtte dei reisande ta seg over Mandalselva på Auklandsbruna. Det var ei utleggsbru høgt over elva.
Frå 1890-åra gjekk vegen gradvis ut av bruk. Det kom nye kjerrevegar som tok over mykje av trafikken. Men ridevegen var likevel noko brukt heilt fram til 1950-talet.
Kjelder
- Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen Vest-Agder, 2000, side 322–326