Venting
Hopp til navigering
Hopp til søk
Venting er eit dikt av Ingvald Langemyr. Det stod i Setesdølen nr. 7, 2006. Diktet er på fire vers:
Eg sit og ventar
eg sit og lengtar,
det høver kanskje
du kjem i kveld.
Det er så stussleg,
eg sit åleine
med månen lyser
og skuggar fell.
Eg har det varmt,
eg har lagt i omnen.
Det gjeng 'kje an
at du sit og frys.
Nytrekt kaffe
eg har på kjelen
og bordet pynta
med duk og lys.
Eg har ei flaske
med edle dropar
i hjørneskåpet,
den tek eg fram.
Om det blir slik
at vi føler for det
å ta ein aldri
så liten dram
Men kjem du ikkje,
eg sit og ventar,
eg sit og lengtar
ein annan kveld
med fyr i omnen
og lys på bordet
med månen lyser
og skuggar fell.