Vatnedalsvegen (Bygland)



Vatnedalsvegen er ein 14,2 km lang privat skogsbilveg (bomveg) i Bygland kommune og Åmli kommune. Vegen går bratt oppover lia frå Hovstad i Grendi, nord-austover på heia forbi Tortveittjørni og Tjørnstølvatnet, vidare opp mellom Jorundstjørni og Grimsdalsvatn, der han svinger meir mot aust forbi vatnet, inn i Åmli kommune og så går sørover forbi Arevatnet på austsida og endar ved Heddevatnet.
Vegen vert driven av Vatnedalsvegen SA. Ein er velkomen til å køyre på vegen mot betaling av ei bomavgift. I 2016 er ho 130 kr. Avgifta ordnast på Vipps før ein tek til på turen. Ein er sjølv ansvarleg for å sjekke om vegen er open for trafikk.
Vegen vart bygd i 1966–1968. Hunsfos Fabrikker bygde vegen og kjøpte tømmeret som blei blinka og rotkubert; over 30 000 kubikkmeter. Då tømmeret var drive ut, blei vegen levert over til skogeigarane som tok over eigarskapen og vedlikehaldet.
Kjelder
- Oppslag/plakat ved starten av vegen
- Norgeskart.no
- Egil A. Berntsen, Skogsbilvegar i Setesdal, artikkel i Jol i Setesdal, 1983, side 25–26