Vakre Bygland
Hopp til navigering
Hopp til søk
Vakre Bygland er eit sykkelritt i Bygland. Det startar ved Glashytta i Setesdal på Bygland og går over 38 km frå Glashytta via Åraksbø og Ose og tilbake til Glashytta. Premien er glasfat frå Glashytta til raskaste mann og raskaste kvinne. Overskotet frå sykkelrittet går til Sykler til Cuba. Det er også høve til å vere med utan tidtaking. For dei yngste er det eit lite sykkelritt rundt i Byglandsbygda. Startpengar er minst 100 kroner for vaksne og 50 kroner for barn, og alle deltakarane er med i eit lotteri der premiane er ein racersykkel og fleire gåvekort.
Kjelde
- Jan Olsen: Sykkelglede i to verdsdelar. Artikkel i Setesdølen nr. 64, 2011 side 10