Uleberg Maskin og Transport

Uleberg Maskin og Transport er eit maskinentreprenørfirma på Hovden i Bykle kommune. Firmaet vart oppretta i 1986 av Jon Uleberg, og skifta i 1991 namn til Uleberg Maskin og Transport AS. Bedrifta hadde i 2011 8-9 årsverk, mens ho i 2026 har 10 årsverk, og ellers god økonomi og ein grei maskinpark. Fimaet held på med det meste innan anlegg og transport, frå graving av små hyttetomter til heile bustadfelt. Om vinteren driv ein med snøbrøyting, strøing og vedlikehald av maskinparken, som inkluderer mellom anna gravemaskinar, hjullastarar, lastebilar, traktorar, dumpar og borerigg.
Dagleg leiar i firmaet har vore Amund Nesland. Sidan april 2025 er Morten Stubstad attende som dagleg leiar, han hadde og den stillinga frå 2016 til 2019. På kontoret arbeidde Ingvild Hovden fram til 2011, då tok Wenche Uleberg over, og sidan 2014 er det Linné Røsstad Sharpe som tek seg av denne sida av arbeidet.
Kjelder
- Annonse i Setesdølen nr. 37, 2011 side 13
- Heimesidene til Uleberg Maskin og Transport, 13. januar 2026.
- Linné Røsstad Sharpe