Tveitetunet



Tveitetunet er eit friluftsmuseum under Setesdalsmuseet på garden Tveiti i Valle. Museet var bustaden til bonde og lensmann Olav Knutsson Tveiten (1758–1837). Han møtte på riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 som utsending frå øvre Setesdal.
Setesdalsmuseet kjøpte tunet i 1969, og eit stort restaureringsarbeid vart sett i gang. Ei løebygning blei sett opp, og museet fekk også hand om den gamle arrestbygningen på Tveiten.
Tveitetunet var tidlegare utstillingsplass for brukskunstnarar på Valleutstillinga om sommaren, og vore arena for den årlege kulturstemna i Valle; Tveitestemna.
I 2017 blei tømmerkassa på hovudbygget i tunet plukka ned og frakta til laftehallen til Setesdalsmuséet på Rysstad for restaurering. Arbeidet var kostnadsrekna til 1,5 millionar kroner. Sommaren 2023 kom laftekassa opp igjen. Sommaren 2025 mangla framleis tak og vindu før ein igjen kunne opne Tveitetunet for publikum.
Kjelder
- Valle - Rygnestadtunet, Tveitetunet, Sentralbygg Rysstad, brosjyre, Setesdalsmuseet
- Ole Birger Lien, Tømmerkassa blir «ny», artikkel i Setesdølen nr. 55, 2018, side 3
- Sigurd Haugsgjerd: Restaurerer Rygnestadtunet og Tveitetunet i sommar. Artikkel i Setesdølen nr. 45, 2025 side 9