Torild Velure
| Torild Velure | ||
|---|---|---|
| Født: | 21. september 1955 (70 år) | |
Torild Finsrud Velure (fødd 21. september 1955 på Bolstadøyri i Voss) deltok som foredragshaldar på Program for Nordisk strikkesymposium 2015 saman med Torun Selstad og presenterte temaet «Fanatrøye med strikkefinesser og montering av bånd» i foredrag tysdag 30. juni 2015. Bakgrunnen var at dei i ein studiering med seks personar gjennom ti år samarbeidde om om strikkehistorikk, registrering, rekonstruksjon med snittteikningar, foto, mønsterborder, strikketeknikkar og oppskrifter til Fanatrøya, noko som førte til boka Fanatrøyer.
Biografi
Torild Velure bur i Bergen var husflidskonsulent i Hordaland Husflidslag frå 1996 til 2013, då ho etablerte seg som sjølvstendig næringsdrivande.
I tillegg til framhaldskule og gymnas har Torild Velure gått tre år på husflidsskule med hovudvekt på saum, forming og vev. Ho har gått mange kurs og har sjølv halde mange kurs, mellom anna på Holmen Gård. Av høgare utdanning tok ho i 2001 eit 30 studiepoengs kurs i faget «Drakt og samfunn» og i 2002 bygde ho på med 30 studiepoeng i «Vestnorsk Kultur og Tradisjonsformidling» ved Vestnorsk kulturakademi. Seinare var ho med og utvikla studiet «Tekstilkultur» på Vestnorsk Kulturakademi og gjennomførde det sjølv i 2008 og fekk nye 30 studiepoeng.
Som kunsthandverkar har ho spesialisert seg på tova hattar som ho stiller ut og sel på messer i Hordalad og elles i landet. Produkta hennar har blitt premiert på mange utstillingar.
Heder
- Håndverksprisen under Kystkulturdagane i Lysøysund 2013
Bibliografi
- Fanatrøyer 1998 ISBN 9788251405478