Tor Erik Leland
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Tor Erik Leland | ||
|---|---|---|
| Født: | 29. oktober 1979 (46 år) | |
Tor Erik Leland (født 29. oktober 1979) er mjølkebonde på Byremo og dagleg leiar i Leland Samdrift. Han var tidlegare journalist i Lindesnes Avis og har utdanning frå Mediehøgskolen Gimlemoen, der han var ferdig i 2005.
Dei siste åra har han vore nestleiar i Vest-Agder Bondelag, frå 2015 overtok han som leiar etter Birte Usland. I tillegg til å vere bonde er han interessert i friluftsliv og musikk. Han har og vore aktiv i ungdomslagsrevyane på Byremo. Tor Erik Leland var ein av bøndene som fekk besøk av ein buss med giftelystne damer i realityserien Gøy på landet på TV Norge i 2011.[1] Men han er framleis ungkar.
Kjelder
- Bondelagsleiar frå Selandsdalen. Artikkel i Setesdølen nr. 22, 2015 side 12
- Facebooksida til Tor Erik Leland