Tomas Mæsel
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Tomas Mæsel | ||
|---|---|---|
| Tomas med borna Liv (t.v.), Reidun, Harald og Herborg. Foto: Privat
| ||
| Født: | 23. mars 1905 | |
| Død: | 18. oktober 1986 (81 år) | |
Tomas Mæsel (fødd 23. mars 1905 i Finsland, død 18. oktober 1986) var prest med teneste fleire stader i landet. Han vart student i 1928, studerte teologi på Menighetsfakultetet og tok eksamen i 1933, praktikum året etter og vart ordinert i 1936.
I 1935 var han forkynnar i Mandal Indremisjon, deretter var han reiseprest for Agder bispedømme til 1939 då han vart hjelpeprest i Eidanger. I 1948 vart han sokneprest i Herefoss, så flytta famiien til Solum der han var frå 1959 til 1968. Siste tenesta hadde han i Gildeskål frå 1968 til 1972, då flytta han til Finsland og budde der.
Tomas Mæsel vart gift i 1935 med Anna Mæsel, fødd Hodnemyr. Dei hadde barna Herborg Daasvatn, Liv Rundberg, Harald Mæsel og Reidun Mæsel Kolvik.
Kjelder
- Fødselsdata hos disnorge.no
- Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater. Land og kirke forlag 1974 side 184