Tipphaugen (Flåt)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den gamle tipphaugen 13. oktober 2013.

Tipphaugen ved Flåt nikkelgruve i Evje var i bruk frå prøvedrift ved gruva starta i 1869 til Nygruva kom i drift i 1917. Det gjekk ein trallebane fra Gamlegruva over Flatebygdvegen til tippen. Gråberget blei skudd i vaggar på skinnegangar. Ofte blei det slurva med skinnelegginga. Då blei det tungt å sku vaggane.

I dag (2025) ligg den enorme tipphaugen att i landskapet som det mest synlege beviset på den svære gruvedrifta som ein gong var på staden.

Kjelder

  • Plakat/oppslag ved tipphaugen, sett opp av Evje og Hornnes kommune

Kart