Til deg min heimlegt alltid stend
Hopp til navigering
Hopp til søk
Til deg min heimlegt alltid stend er ein bydesong til Hylestad av Gunnar T. Hovet, også kalla Gunnar Skagemo Hovet. Den går på melodien Min gode fagre barneheim og har i følge Kari Bjørgum vore nytta noko, særleg 17. mai på Nomeland bedehus.
- Til deg min heimlegt alltid stend,
- du fagre Hylestad.
- Du sviv i tanken der eg gjeng,
- i draumar og i kvad
- Du ligg som sveipt imillom fjell
- og fagre liedrag
- der elvi stilnar som til kveld
- frå foss og ville brak.
- Frå dalen mot det høge blå
- der ris dei bratte fjell.
- Kvar ser du venar' syn som var
- ved solarglad og kveld?
- Me kjenner kvar ein stig og stein
- med trøytte fotefar
- der kjære minne etter dei
- i tanken speglar av
- Her sleit dei gamle livet ut
- i strev og tronge kår,
- og sutlaus vanka eg og du
- dei glade barneår
- Lat aldri minni falme av
- i denne fagre grend
- om dei som kviler i si grav
- til livsens morgon renn
Kjelde
- Sangark frå Hylestad skule.