Hopp til innhald

Thyra Ågedal

Frå Setesdalswiki
Thyra Ågedal
Født: 1937
Død: 28. november 2017 (alder 79–80)

Thyra Beate Ågedal (fødd 1937, død 28. november 2017) var ein kulturberar frå Konsmo i Audnedal. Ho var fødd og oppvaksen på Ubostad i Selandsdalen i Grindheim. Thyra gjorde opptakten til Barnevandrarsenteret på Konsmo. Ho samla mykje stoff om barnevandringane på Agder, og gjorde barnevandring til eit aktuelt og varig kulturelt tema i fylket. Ho var den viktigaste kjelda for skaparane av filmen om barnevandraren «Yohan».

Thyra var politisk engasjert, og sat i kommunestyret i Audnedal. Ho var med i formannskapet ei tid, og var også varaordførar.

Kjelder