Thor II

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Thor II ved Dampsaga på Byglandsfjord 1965

Thor II var ein slepebåt som vart brukt i tømmerfløtinga på Byglandsfjorden. Den vart sett på vatnet 7. juni 1961 og var i bruk til 1977 då dei siste stokkane vart sendt på vatnet. Båten er 30 fot lang og veg 12 tonn. Han var bygd ved Høivolds Mekaniske verksted i Kristiansand.

Då tømmerfløtinga tok slutt i Setesdal, vart båten flytta til Ålefjærfjorden, der han også vart brukt til å slepe tømmer. Då dette vart slutt, overtok Per Kristian Vindi frå Lillesand båten og nytta han som anleggsbåt i Blindleia i samband med hyttebygging der. Sidan vart han lagt i opplag ved Åkerøya i Høvåg. Men hausten 2000 samla Bjorens venner inn 60.000 kroner og fekk båten tilbake til Byglandsfjorden. Planen var å restaurere han og få han i drift. Slik gjekk det ikkje. I kulturminneplan for Bygland frå 2018 heiter det at han står lagra i ei løe i Grendi.

Kjelder