Terrengløpskarusellen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Odd Harald Robstad (2009).

Terrengløpskarusellen var opphaveleg eit samarbeidsprosjekt mellom Otra IL i Evje og Hornnes, IL Gry i Engesland og IL Skogguten i Bygland. Den første Terrengløpskarusellen gjekk av stabelen i 1972. Interessa var sterkt stigande dei fyrste åra, og nådde ein topp i 1976 med 210 deltakarar.

I år 2000 kom Iveland IL med i samarbeidet. I nokre år frametter hadde Terrengløpskarusellen då sju løp. Dei seinaste åra er det Otra IL og IL Gry som har delt på arrangementet, med ansvar for tre løp kvar. Bygland IL har også vore medarrangør, mellom anna i 2012.

I alle år sidan oppstarten har Odd Harald Robstad vore leiar for arrangementet.

Sjå også

Kjelder