Telhaugane
Utsjånad
Telhaugane er eit bustadfelt som er planlagt lengst sør i Iveland kommune, på grensa til Vennesla. Feltet er planlagt med 23 tomter og målet med feltet er å få folk som arbeider i Vennesla og Kristiansand til å busetje seg i Iveland.
Innvendingar
I utgangspunktet hadde fylkesmannen i Aust-Agder innvendingar mot planane om dette bustadfeltet på grunn av utslepp av klimagassar. Men etter eit meklingsmøte sommaren 2010 mellom fylkesmannen og ordføraren i Iveland, Ole Magne Omdal, der innvendingane vart imøtegått, trekte fylkesmannen dei tilbake og prosessen med å godkjenne bustadfeltet kunne gå vidare.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: -Imponert over fylkesmannen. Artikkel i Setesdølen nr. 56, 2010 side 4