TD Maskin

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

TD Maskin er eit maskinentreprenørfirma som tek på seg både små og store graveoppdrag i heile Setesdal. Firmaet utfører grusing og masseflytting, grøftereinsking, utbetringar etter flaumskader, opparbeiding av tomter og hyttevegar og bygger skogsbilvegar med meir. Maskinane er pr. august 2018 to gravemaskinar, lastebil og ei maskintralle til å flytte utstyret rundt i distriktet. I tillegg er det nyttig tilleggsutstyr som traktorar og boreutstyr. Ein av eigarane, Tom Arild Uppstad, har også sprengingssertifikat.

Innehavarar av TD Maskin er Tom Arild Uppstad og Dreng G. Ose.

Kjelder