Syngjandetjørnin
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: John Melhus
Syngjandetjørnin er eit vatn i Valle vesthei. Det ligg på 1179 meter over havet, 1,3 km sør for Svarvartjørnin. John Melhus fortel:
| Etter det eg har høyrt tok koret i Valle dette namnet då det blei starta rundt 1990. Det skal vere ein stein i dette området som ein kunne banke på med ein mindre stein, og steinen ville då «syngje». Eg blei kjend med denne soga då eg arbeidde med Valle kommune sitt stadnamnprosjekt for ein del år sidan. | ||
Kart
Kjelder
- Om Syngjandetjørnin hos yr.no
- John Melhus på Facebook 13. august 2018 om korleis koret Syngjandi i Valle fekk namnet sitt