Stor utvandring frå Setesdal midt i 1840-åra

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Norskætta Blaine Hedberg, redaktør for bind 3, har gjort mykje for å finne informasjon om nordmenn i USA.
Foto: Torbjørn Greipsland

Stor utvandring frå Setesdal midt i 1840-åra - Fleire enkemenn reiste over er ein artikkel Torbjørn Greipsland skreiv for publisering i Setesdølen, men som ikkje vart teken inn i avisa.

Stor utvandring frå Setesdal

Utvandringa til Amerika starta tidleg i Setesdal. Namna på dei som drog, finn vi nå i dei utvandrarbiografiane som kjem frå Vesterheim-museets genealogiske avdeling i Madison.

Boka Norwegian Emigrants

Professor Gerhard Naeseth byrja det enorme og omfattande arbeidet med å samle opplysningar om alle norske emigranter frå 1825 til 1850. Etter at Naeseth døyddee tok senterets direktør Blaine Hedberg over arbeidet.

Bind 1

Medan Naeseth levde kom bind ein med namn på emigrantar i åra 1825-43. Nokre få setesdølar reiste over desse åra.

Bind 2

Så kom bind 2 med opplysningar om åra 1844 - 1846. Av bind 2 går det fram at det i åra 1844-46 reiste 45 personar frå Bygland, 89 får Valle og 9 frå Bykle.

Bind 3

I den nye boka, bind tre, som omfattar åra 1847 og 1848, er det med opplysningar om over 3000 emigranter. Boka har tittelen Norwegian Immigrants to the United States, A Biographical Directory, 1825-50, Volume Three 1847-1848. Bind tre fortel at i 1847-48 reiste ingen frå Bykle og Valle, og berre to frå Bygland.

Passasjerar med The Palstine

Frå Bykle

Dei ni som drog frå Bykle, reiste alle i 1846 med skipet The Palstine frå LeHavre til New York. På denne turen brukte det 34 dagar.

  • Desse var Bjorgulv Knutsen Nesland, 30 år, og kona Anne Aanundsdatter Nesland, 29. Med dei var sonen Kristen på berre eitt år. Seinare fekk dei fleire born. Familien slo seg ned i Jeffersen fylke i Wisconsin.
  • Aanund Mikkelsen Bratteland 50 år, drog saman med kona Kristi Skolaas (truleg fødd i Rauland) . Med dei var borna Mikkel, 17, Ingebjørg, 11, og Jorunn på 9 år. Med var også far til Kristi, 86-årige Ole Helgesen Bratteli. Det står at han var bonde og treskjerar. Han døyde året etter i Dodge fylke i Minnesota.

Frå Valle

  • Med same båten var fleire frå Valle. Salve Gundersen Flateland, 53, og kona Thorbjør Hægland, 39. Med dei var borna Ole på 15, Gunder på 10, Omund på 5 og Guro på bare 3/4 år. Gunder, som i USA skreiv seg for Gunder Gundersen, var med i borgarkrigen som sersjant i 15. Wisconsinregiment. I følgje boka Nordmændene i Amerika av Martin Ulvestad vart ein sersjant ved namn Gunder Gundersen såra i slaget ved Stone River.
  • Med skipet var også Torjus Homme og kona Gunhild og to jenter, Sigrid og Tone, på 3 og eitt år.
  • Saman med dei var Eivind Haugum, 42, og kona Gunhild Røysland, 40, og borna Arne, 19., Eivind 17, Halvor, 12, Tor 10, Margit, 9, Bjørgulv 5 og Dreng, berre 2 år. Med var også Eivinds far, 76-årige Arne Eivindsen Haugum. Kona hans var død før han emigrerte. Om Gunhild Haugum står det at ho døydde i ein snøstorm i Amerika.
  • Også Tallak Stavenes, 36 år gamal, og Tollev Hofto, 30 år, var med same skipet.

Utvandring i 1844-46

  • Andre frå Valle som drog i åra 44-46 var Tellef Røisland (fødd i Bykle), og kona Ingebjørg Løyland, berre 19 år. Ho døydde truleg tidleg, før 1850, då Tellef gifta seg med Birgit Brokke. Ho reiste til USA i 1847 saman med mannen Knud Brokke. Også han døydde tidleg.
  • Eivind Besteland og kona Gyro Omblie, 19 og 18 år gamle, slo seg først ned i Wisconsin, seinare i Fillmore i Minnesota. Han var med i borgarkrigen i eit regiment frå Minnesota. Med dei var dottera Joran på eitt år. Men namnet hennar står ikkje i skipslista for Columbus (1844). I USA fekk dei fleire born.

Gardane dei drog frå

Andre som drog desse åra reiste frå gardane med desse namna - eller hadde sjølv det namnet: Åkhus, Neset, Nordbø, Hegland, Rysstad, Flatland, Uppstad, Løyning, Nomeland, Holum, Jore, Sordahl, Langei, Krosstog, Bøe, Helle og Faremoen., Holum, Helle, Øien og fleire.

Skipslistene

Skipslistene er gode kjelde for utvandringa. Men alle skipslistene eksisterer ikkje lenger. Følgjande frå Bygland meiner ein emigrerte i 1846 utan at dei er med på noka skipsliste: Torjus Nerstue, truleg fødd 1801, og kona Aasil som han gifta seg med etter at første kona var død, samt ein son frå hans første ekteskap, Aanon.

Vidare Bjørguf Nordenaa og kona Gunild Sannæs, og borna Birgit, Grunde og Thore.

Utvandring i 1847-48

Kven var så dei to frå Setesdal som emigrerte i åra 1847-48? I følgje bind tre var det Thomas Osmundsen Haugen og kona Signe Tarjesdatter, som reiste ut frå Bygland.

Eit puslespel

Elles les vi at Birgith Targjesdatter frå Rysstad, gift med Halvor Augundsen Brokke frå Valle, døydde stutt tid etter ho kom til USA i 1845. I skipslista har ho namnet Fojendatter Briyoth. Det fortel at det nokre gonger er eit puslespel å finne ut kven som er kven.