Stina Fennefoss
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Stina Fennefoss | ||
|---|---|---|
| Født: | 4. august 1830 | |
| Død: | 8. februar 1916 (85 år) | |
Pernille Kristine Stina Fennefoss (fødd Skagestad 4. august 1830, død 8. februar 1916) var haugianar og misjonskvinne. Ho var frå Holum og kom som kone til Lunden (Fennefoss) i 1852 då ho vart gift med Ole Mikkelsen Fennefoss.
| Ho var ikkje berre ein god kristen, men ogso ei framifrå husmor og gardkjerring. Då Gunvor, dotter til Hans i Faret, var blitt trulova med Anders Fennefoss, son til Ole og Stina, sa «gamle» Gunstein Uleberg til henne: «Kan nå du bli ei kone som gamle Stina. Det he` vore ei svære kona». Det var nok ein ålmenn dom om henne. Men størst var ho vel som kristen. Ho bar heile bygda på hjarta sitt, bad folk og mana dei til å søkje Gud. Ho blei sjukesengene vidt omkring, og mange søkte råd hjå henne både i timelege og åndelege spursmål. Ho åtte tiltru som ingen annan. Det ho hadde sagt, sto fast. «Stina Fennefoss he`sagt det, og ho lyg ikkje.» Det var mest som eit ordtak i Hornnes og Evje i mange år.» | ||
| – Oscar Handeland i Kristenliv på Agder, Oslo 1948, side 389 | ||