Stein Ødegård
| Stein Ødegård | ||
|---|---|---|
| Født: | 6. juli 1957 (68 år) | |
Stein Ødegård (fødd 6. juli 1957 i Time på Jæren) var sokneprest i Evje og Hornnes prestegjeld frå 2000 til 2007, då han flytta til Bryne og vart sokneprest der. Då han kom til Evje hadde han vore prest i Lyngdal i 10 år og budd på Snartemo. Før han flytta til Bryne, hadde han og hatt eit årsvikariat på bispedømmerådskontoret i Kristiansand der han vikarierte for Audun Myhre som leiar for kyrkjelydsavdelinga.
Før han tok avgjerda om å utdanne seg til prest, hadde han gått eit år på Menighetsseminaret i Oslo. Der vart kallet til presteteneste stadfesta og førte til at han søkte presteutdanning på Menighetsfakultetet. Han tok eksamen i 1982 med spesialavhandlinga Jesus som hyrde i dei synoptiske evangelia. Jahvistisk analogi eller messianisme?
Han er gift med Liv Torunn Ødegård. Dei har sønene Svein Ødegård og Lars Tore Ødegård.
Kjelde
- Ørjan Hatteberg: Stein Ødegård fyller 50 i dag. Artikkel i Setesdølen nr. 53, 2007 side 4