Statuar frå Hornnes

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Statuar frå Hornnes er eit dikt av Knut Olav Daasvatn. Det stod på prent i Jol i Setesdal 2012 side 29. Det er også med i diktsamlinga hans Alle sorger, alle gleder – dikt (2020).

Statuar frå Hornnes

Vi var statuar frå Hornnes, riddarar frå Bygland!

Skinande blanke, med eit svart hol inni
ferdige til å suge heile verda inn

Å, ho var vakker!

Og augene våre flakka som møllar kring ein utelampe

Då vi kasta sneipane karsleg frå oss og heldt tilbake ei hosteri
utan at nokon kunne merke det,
då var sigarettgloa sin glødande bue gjennom natta
det næraste vi kunne kome eit språk

Kjelder

  • Jol I Setesdal 2012