Slåre
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ei Slåre (i Valle) var ein reiskap til å slå i sund lorten (hevden, møkka) på støylsvollane med. «Det var gjort av tre og kunne minne noko om ei ishockeykølle» (Valle kultursoge, VIII, s. 75). Då fekk ein muldra opp lorten og spreidd han jamt utover vollen.
I Hylestad kalla dei slåra for spjatt.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 74–75
- Ordforklaring på Vallemal.no