Skeisknuten
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skeisknuten er det høgaste fjellet i Årdal sokn vest for Otra. Toppen ligg 777 meter over havet lengst nord og vest i Årdal sokn på grensa til Bygland sokn og på grensa mellom Bygland kommune og Åseral kommune.
For å kome dit er det enklast å kjøre opp Dåsvannsdalen frå Hornnes til Åknes og Espelid. Derifrå er det bomveg til Koland. Reidar Tveito fortel på side 4 i boka si at han gjekk frå Koland om Vrålsbukilen ved Gyvatn og over Knutslifjellet, men at han la heimturen langs Austre Kjosevatn og Stasvatn. Då vart rundturen på vel 14 kilometer.[1]
Ein kan og gå i frå Dale (Bygland), opp Lunnan og vidare om Buheddervatnet om ein vil til Skeisknuten.
Referansar
- ↑ Reidar Tveito: Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra Eige forlag 2011 ISBN 978-82-998304-3-0