Skarpengland
		
		
		
		
		
		Hopp til navigering
		Hopp til søk
		
		
	
Skarpengland er ein tettstad ved Riksveg 9 i Øvrebø i Vennesla kommune, om lag 21 km nord for Kristiansand. Tettstaden hadde 597 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Fylkesveg 454 går austover frå Skarpengland over Drivenesheia til Vennesla og vestover til Øvrebø kyrkje og Stupstad.
Den gamle Setesdalsvegen gjekk forbi Skarpengland.
Kjelder
- Artikkelen om Skarpengland på Wikipedia (bokmål), besøkt 10. september 2024
 - Norgeskart.no