Skardtjønna (dikt)

Skardtjønna er eit dikt av Knut Olav Daasvatn. Skardtjørna er ei lita tjønn langs Riksveg 9 rett sør for Breiflå i Hornnes.
Skardtjønna
Skardtjønna der eg pla fiske skjebber, ligg beskjedent
til i skogen mellom Kjetså og Hestvåg, delt i to av riksveg 9
klynger av vassliljer ligg spreidde utover vatnet
eg tenkjer på korleis blada - tjønnas grøne pupillar,
fangar lyset med klorofyllet sitt
på Kjetså-sida ligg Myra, der tante og onkel til far min budde
ein liten bekk renn forbi dei få husa, og ut i tjønna
straumkvervlane rekk ein meter eller to ut, så stoggar all rørsle
her og der stig ei boble frå forrotningsprosessane
opp frå mudderet, og sprekk mot den oljeblanke flata
og akkurat der, kor alle oppløyste partiklar
får falle til botnar - der flyt det friske nykkeroser
på ei skjør hinne