Simen Bjørgen
| Simen Bjørgen | ||
|---|---|---|
Foto: Norsk kulturarv
| ||
| Født: | 7. august 1970 (55 år) | |
Simen Bjørgen (fødd 7. august 1970) er direktør for Norsk kulturminnefond frå 2014. Frå 2011 til 2013 var han direktør for Norsk Kulturarv.
Han var varaordførar i Lom frå 1999 til 2003 og deretter ordførar til 2011. Han representerte Senterpartiet og då han vart vald til ordførar, fekk partiet 50,4% av stemmene. Då var han den yngste ordføraren i Oppland fylke. Han vart attvald i 2007, då fekk partiet 64,8% av stemmene og partiet gjekk frå å vere det minste partiet til å bli det største. På Senterpartet sitt landsmøte i 2007 vart han kåra til Årets ordførar. Han var styremedlem i Oppland Senterparti og medlem av landsstyret. Han leda det nasjonale nettverket som utvikla Norges nasjonalparklandsbyar og var også leiar for styringsgruppa som utvikla Klimapark 2469.
Før han vart ordførar, arbeidde Bjørgen som distriktssjef i Felleskjøpet, avdelingsdisponent i A-K maskiner og daglig leder i Vågå Næringshage
I Setesdal
- Som direktør i Norsk kulturminnefond har han besøkt Bjoren, som har fått støtte frå fondet.
- Tysdag 24. mars 2020 var han på telefonen frå Røros for å fortelje om Norsk kulturminnefond i Tysdagssending i Valle Radio 20200324.