Setesdalslaget i Oslo
Setesdalslaget i Oslo har som mål å samle utflytte setesdølar og vil bygge på den felles kulturen dei har vakse opp med. Gangarkurs, kvedarkurs, t-skjorteproduksjon og samlingar er aktuelle aktivitetar. Laget vart reetablert 28. oktober 2009 etter at det hadde blitt lagt ned nokre år tidlegare.
Styret
- Sigrid B. Berg vart valgt til leiar
- Jorunn Nomeland fekk den gjeve tittelen frå det gamle lagets tid; «propagandaminister».
- Olav Bendic Hovet fekk tittelen «Mentor»
- Anne Hasla, kunstnerisk leiar
- Finn Håkon Borgi, IT-ansvarlig
- Peer Ole Jacob, spelemann
- Vetle Toreid, varasekretær
- Gunvor Ruth Salvesen, sekretær
- Lars Rysstad Nordgreen, underhaldningsansvarleg
- Monica Helle: journalist
- Liv Bakke Kvinlog: kasserar
- Gunvor Edel Åkre, språkvaskar
- Sveinung Skjevrak: varakasserar
Aktivitetar
- Fest 12. desember 2009 frå 19 til 01 i Halli i Nordahl Bruns gate. Ansvarlege: Vetle Toreid og Sveinung Skjevrak.
Då laget vart stifta i 1945
I tidlegare tider hadde setesdølane frå dei øvre bygder samla seg med dei i Telemarkslaget, medan dølene frå dei ytre bygder søkte til Sørlandslaget. Aslak Lidtveit hadde ivra for å samla folk frå dalen i eitt lag, og i byrjinga av desember 1945 kom omlag 50 intressera saman for å stifta eit eige lag i hovudstaden. Sæbyggjelaget var fyrst framlagt som namn, men ein samla seg om Setesdalslaget i Oslo, og at lagsbladet skulle heita Sæbyggjen.
Den sjølvskrivne formannen Aslak Lidtveit kunne ikkje vera til stades denne kvelden, og han hadde også bede om å sleppa formannsombodet. Difor vart val av styre slik:
- Knut Trydal, formann
- Aslak Lidtveit, varaformann
- Gunhild Skeie, Ketil Rygnestad og Targerd Hovet, styremedlemmar
- Knut Austad og Gunnar Hovet, varamenn
- Torleiv Flateland og Jon Berg, ettersynsmenn
Ei av sakene ein straks sette i sving, var ei pengeinnsamling til eit minnesmerke over dei setesdølane som fall for fiendehand under denne krigen: Knut Bø, Bjørgulv Rysstad, Sigurd Rysstad, Arne Scheie og Nere Aakhus.
Kjelde
- G. S. :Setesdalslag skipa i Oslo, Fædrelandsvennen, 8. desember 1945.
Eksterne lenker
- Setesdalslaget i Oslo Frå Harald Haugland sin blogg]