Setesdals sterkaste mann

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjetil Omnes vart Setesdals sterkaste mann i 2011. Her i øvinga Dekkvelt.

Setesdals sterkaste mann vart arrangert laurdag 1. oktober 2011 som avslutning på Sauesjå 2011. Arrangementet vart halde utanfor Valle Motell i nydeleg haustver. Valle Motell var arrangør med Jostein Kjelleberg og Steinar Homme i spissen. Dommarar var Eirik Brun og Torbjørn Farmen.

Øvingane

1. Stokk - Last Man Standing

Startvekta var 65kg. Deretter la ein på 10 og 10 kg. Dei fleste deltakarane hadde inga erfaring med strongman-øvingar og hadde difor ikkje teknikken. Kjetil Omnes vann med 95 kg.

2. Stein uten klister - Last Man Standing (60 - 80 - 100 - 120 - 150kg)

I vanlege strongman-konkurransar har steinane klister. Her var det likt for alle i og med at steinane var utan klister. Kjetil Omnes, Torleiv Rysstad og Ole Henrik Trydal klarte 120 kg.

3. Rolling Thunder - Last Man Standing

Kjetil Omnes vann med 80 kg. Ole Henrik Trydal kom på andreplass med 75 kg.

4. Dekkvelt - Ca 300 kg., fem vipp på tid (maks 90 sekund)

Kjetil Omnes starta først og klarte seg med 13 sekund. Torleiv Rysstad brukte 16 sekund og Ole Henrik Trydal 20.

5. Framewalk - 190kg. 20m. Vending eller nedsett på 10m

Kjetil Omnes vann med Torleiv Rysstad og Ole Henrik Trydal på dei neste plassane

Pallen:

  1. Kjetil Omnes aka Mr KO (Kristiansand Strongteam, KST)
  2. Ole Henrik Trydal
  3. Torleiv Rysstad (KST)

Eksterne lenker