Selmer Holen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Selmer Holen
Selmer Holen.jpg
Født: 17. desember 1927
Død: 13. mars 2016 (88 år)

Selmer Ernest Holen (fødd 17. desember 1927, død 13. mars 2016) var ein amerikanar med røter i Valle og Bykle.

Han var fødd i 1927 på farmen i Reiner Township, Goodridge, MN. Foreldra var Hallvard M. Holen og Gyro H Homme. Han vart døypt 8. april 1928 i Rosendahl Lutheran Church, der han og vart konfirmert i 1943. Deretter tok han landbruksutdanning i Crookston, MN i 1945. 28. juni 1952 gifta han seg med Helen Viola Holen, fødd Johnson. Dei budde ei stund i Soudan, MN der Selmer arbeidde i gruver, men i 1959 overtok dei garden der Selmer hadde vakse opp.

Selmer var ein ivrig bonde, men han arbeidde også som murar, vaktmeister og kyrkjegardsarbeider. Han kjørte skolebuss for Goodridge School District i 25 år. Han var glad i hagearbeid, jakt, fiske og snekring og var ein god altmuligmann.

Utanom jobben engasjerte han seg sterkt i kyrkje- og kristenliv. Han var president for Reiner Free Lutheran Church i Goodridge og var kyrkjetenar der. Han var også med i styret for landbrukskontoret, Sons of Norway, Eagle's Club og Grygla Lions. Han var med i styret for Setesdalslaget i Amerika og styret for Pennington County Fair.

Han etterlet seg kona Helen, barna Linda Bauer, Richard Holen og Leann Wikert, svigerbarn, barnebarn, oldebarn og annan familie.

Gravferda var frå Our Saviour's Lutheran Church i Thief River Falls, MN laurdag 19. mars 2016 klokka 15.

Kjelder