Sør-vest Megleren
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sør-vest Megleren er eit eigedomsmeklarfirma med avdelingskontor i Kvinesdal, Lyngdal og Kristiansand og frå juni 2017 på Evje. Bjørn Skjæveland er styreleiar for desse avdelingskontora. Torstein Hellestøl er dagleg leiar. Firmaet er ei avdeling av den landsomfattande kjeda Aktiv Eiendomsmegling.
På Evje har firmaet kontorplass i lokala til Evje og Hornnes Sparebank. Den lokale representanten er eigedomsmeklar Tommy Svendsen. Faste kontordagar i oppstartstida er mandag, tirsdag og onsdag.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd, Sør-Vestmegleren AS på plass, artikkel i Setesdølen nr. 42, 2017, side 5