Runebergmoen
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Runebergmoen er den svære sletta eller moen mellom Senumsvegen og Byglandsfjorden, heilt nord på Senum i Hornnes. Ytst på moen, i nord, ligg Runebergodden. I sør ligg Fagersand. Mest heile Runebergmoen er dekka av furuskog. På den nordlege delen av moen, i området omkring Runebergodden, er det planlagt eit hyttefelt.
Historie
Før Senumsund bru kom i 1966, rodde folka på Byglandsfjord og Senum mykje att og fram over fjorden. Det var mykje kortare enn å bruke bygdevegen gjennom Senum. På Runebergmoen låg båtane på Fagersand. Det gjekk sti derfrå til Senum, og ein annan nordover gjennom Runebergmoen i retning Horverak og Bø.
Kjelder
- Reidar Tveito, Ridesti og gamle vegspor omkring Byglandsfjord, 2017, side 29-34
- Kart med oversyn over vedtekne reguleringsplanar på heimesida til Evje og Hornnes kommune
- Sigurd Haugsgjerd, Byggjer ut Runebergodden, artikkel i Setesdølen nr. 54, 2017, side 13