Hopp til innhald

Rosemåling

Frå Setesdalswiki
Bykle gamle kyrkje er rosemåla innvendig.
Bolle måla av Tallak Austenå i Tovdal.

Rosemåling er eit namn på tradisjonell dekorativ måling i bondesamfunnet frå 1700-talet og seinare.

Rosemålinga blei særleg utvikla i Hallingdal og Telemark, men også område som Numedal, Setesdal, Vest-Agder og Valdres fekk ein rik rosemålingstradisjon. Han består av rik rankeornamentikk tufta på blomsterbarokken sin svulmande roser og frukter. Frå 1740-åra byrja ein å gå mot slankare og meir elegante former lånt frå regence og rokokko, og rundt 1750 kjem det påverknad frå louis-seize og noko seinare empire og nyklassisisme. Ein finn til tider figurar, men desse har lite å seie for rosemålinga. Målet er å fylle flater i ein stil som er utvungen, med klare og kraftige fargar.

I byrjinga blei rosemåling særleg brukt til dekorasjon av kister, ølbollar og andre mindre gjenstandar. Etter kvart byrja ein også å dekorere senger og skap, og heldt fram med veggar og tak.

Rosemåling i Setesdal

Rosemålinga har ikkje nokon sterk tradisjon i Setesdal frå gamalt, i motsetnad til treskurden.[1] [2] Ein veit at dei gamle kyrkjene i Valle og på Austad var rosemåla, og Bykle gamle kyrkje blei rosemåla i 1826.[3]

Det var frå 1700-talet rosemålinga i Setesdal tok til å utvikle seg. Fyrst var det helst ølbollar og ei og anna kiste som blei måla. Skåp og kviler i nyestogene blei det vanleg å rosemåle så seint som rundt 1850.[4]

I nyare tid er Svein Håvardsson Viki, Eivind Sigurdsson Berg og Olav O. Tveiten tre av dei meir kjende rosemålarane i Setesdal.[5] Svein var far til Birgit Spikkeland, som var ein særs dyktig rosemålar i Evje.

Kjelder

Litteratur

Referansar

  1. ↑ Ellingsgard, side 213–224
  2. ↑ Jansen og Ryningen, side 232
  3. ↑ MIdttun, side 259, 1. spalte
  4. ↑ Jansen og Ryningen, side 232
  5. ↑ Jansen og Ryningen, side 233 nedst–234 øvst