Romslig

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Romsligbygget 2015.

Romslig eit kontorbygg på Verksmoen. Bygget er eit modulbygg frå Konsmohus og vart reist i 2012 og gjev kontorplass til fleire bedrifter. Grunnflata er på 440 kvadratmeter på eitt plan og bygningen er dimensjonert for å kunne få eit ekstra etasje om behovet skulle melde seg. I bygget finn ein 17 enkeltkontor, eit kontorlandskap med fire plassar, møterom, pauseområde med kjøkken, tre toalett, to vindfang og tekniske rom. Kontormøbler og oppkopling for data er på plass i alle rom, så den som treng kontorplass, kan bare flytte inn. Knut Olav Frøysnes er styreleiar for bygget. Breistøl & Falkgjerdet Maskin hadde grunnarbeidet, Smeland Byggservice hadde betongarbeidet, YIT Mandal hadde elektrikar- og røyrleggararbeidet og inventum P.M. Danielsen leverte kontor og kantinemøbler til bygget.

Bedrifter i bygget

Kjelde