Ringdue

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ringdue. Foto.
Ei ringdue på FarmoHornnes 9. april 2023.

Ringdue (Columba palumbus) er ein storvokst dueart i slekta Columba, som vidare inngår i duefamilien (Columbidae). Arten er kortdistansetrakker på høge breiddegrader og utbredt over det meste av Europa, unnateke på Island og lengst nord på Nordkalotten. Fem underarter er anerkjent, og nominatforma hekkar i mest heile Norge.

Arten er svært tallrik og livskraftig. Ein reknar med ein global populasjon på cirka 51–73 millioner individ, og av desse cirka 80 % i Europa (svarande til 20–29 millioner par).

I Setesdal er ringdua observert mellom anna i Hornnes.

Kjelder