Bjørnarå-Optestøyl

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå den offisielle opninga av parsellen 6. november 2019. Då stod framleis att ein del arbeid utanfor vegbanen, og det siste laget med sliteasfalt.
Rv-9 rett nord for Bjørnarå 31. juli 2018. Arbeidet med den nye traséen var då så vidt komen i gang.
Foto: Geir Daasvatn

Riksveg 9 Bjørnarå - Optestøyl var eit vegprosjekt som blei gjennomført på Riksveg 9 ved Bjørnarå i Bykle 2018-2020. Planområdet gjekk frå kommunegrensa mot Valle i sør forbi Bjørnarå og nordover til Optestøyl. Lengda på den nye parsellen er ca. 5,1 km. Føremålet med tiltaket var å auke trafikktryggleiken og framkomet på strekninga. Det skjedde ved at ein utbetra den eksisterande strekninga med ei høgare vegbredde frå 5,5 m til 7,5 m («gul midtstripe»), laga betre kurvatur, fekk betre stigningsforhold, auka vegens bæreevne, betra siktforholda og etablerte sikkert sideterreng. Alle tiltaka skjedde i hovudsak på eller nær den eksisterande vegen.

Bykle kommunestyre vedtok detaljreguleringsplan for Rv-9 Bjørnarå - Optestøyl i kommunestyremøte 17. november 2016. I samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2017 i Stortinget i desember 2016, blei det sett av midlar til oppstart av prosjektet i 2017. Heile prosjektet var kostnadsrekna til ca 120 millionar kroner.

I slutten av mai 2018 blei det kjent at Hovden Hytteservice var tildelt arbeidet med å bygge traséen. I juli 2018 kom arbeidet i gang. 6. november 2019 var det offisiell opning av parsellen ved Bjørnarå. Då stod det framleis att ein del arbeid utanfor vegbanen.

Kjelder

Eksterne lenker