Reima

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Reima var det ein kalla skeidehuset ved Flåt nikkelgruve. Det var eit transportband som kom på plass då gruveanlegget fekk elektrisk straum i 1910. Huset var opent i begge endar, og hadde i tillegg ein open «kjellar» under. Unge jenter, fordelt på tre skift, stod på kvar si side av transportbeltet og sorterte malm (stein). Uansett vêr og vind. Steinane var knyttnevestore. Millionar av desse steinane ligg i Øvre slamdam og Nedre slamdam som blei bygde seinare.

Om vinteren var det svært kaldt å stå og sortere malm. Arbeidet måtte gjerast utan vottar. Etter kvart blei anlegget meir og meir automatisert, og det vart færre og færre kvinnelege arbeidarar. Etter 1937 var det bare ei kvinne på kvart skift. Oppgåva var då å plukke vekk treverk som låg mellom steinane.

Kjelder