Per Emanuelsen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Per EmanuelsenSymbol unrelated.svg
Per Emanuelsen.jpg
Født: 16. mai 1951 (74 år)

Per Emanuelsen (fødd 1951) var prostidiakon i Otredal prosti frå 2002 til 2013, då han gjekk over i tilsvarande stilling aust i Aust-Agder. Han er utdanna sjukepleiar og diakon. Han var landets fyrste prostidiakon då han i september 1984 vart tilsett i stilling i Vest-Telemark prosti. Han vart vigsla til tenesta i Nissedal kyrkje 10. januar 1985. Dette var eit forsøksprosjekt som gjekk til 1990, då ordninga vart permanent. Diakon Eiliv Erikstein overtok stillinga frå 1991. Frå 1990 var Per Emanuelsen tilsett som leiar for «Kontaktsenteret i Kristiansand», eit dagtilbod for menneske med psykiske problem. Frå 1995 var han og leiar for «Pårørendeprosjektet i Vest-Agder». Frå 1997 gjekk dette over til å verte eit permanent tilbod til etterlatte etter sjølvmord i Kristiansand.

Som diakon i Setesdal skriv han ofte små andaktar i Setesdølen.

Frå 2009 har han vore leiar i styret for Nordtun HelseRehab, eit rehabiliteringssjukehus i Meløy kommune i Nordland.

Bøker

I mange år har Per Emanuelsen hatt som hobby å samle på andaktsbøker. Samlinga hans vart etter kvart ganske stor, og når han fekk dublettar, gav han dei bort når han møtte folk som kunne ha glede av dei. Ei liste over desse bøkene finn du på Andaktsboklista til Per Emanuelsen.

I 2013 gav han sjølv ut andaktsboka Omtanker, ei bok med 52 tekstar. Seinare kom Nye omtanker. I 2017 gav han ut si tredje bok, Godtanker. Boka handlar om å bry seg, om å la seg begeistre og om å handtere dei vanskelege sidene av livet.

Eksterne lenker