Otra-kontoret

Otra-kontoret er klubbkontoret til Otra IL og arbeidsstaden til dei tilsette i idrettslaget i Otrahallen på Hornnes. Otra sin administrasjon har hatt tilhaldsstad her sidan hausten 2006, då det nye Treningssenteret stod ferdig. Før det var Otra-kontoret i det lafta informasjonsbygget i Evje sentrum, der Aases Verden held til i dag.
Tanken bak å etablere eit eige kontor for idrettslaget, var å få til ein naudsynt møteplass der ein kunne gje og motta informasjon, og der undergruppene kunne få hjelp og støtte i det daglege arbeidet i klubben. På kontoret er det datateknisk utstyr som PC, scannar, kopimaskin, betalingsterminal og anna. Det er også ei posthylle for alle gruppene i idrettslaget. I tillegg har Otra IL og undergruppene eit felles arkiv i Otrahallen. For tida (2016) er det dagleg leiar Tony Halsall og klubbutviklar Jon Gunnar Kjetså som held til på Otra-kontoret.